Fantomet i Tyskland.
I veka før vinterferien var eg på ein skuletur til Tyskland. Som teikneserieentusiast kjøpte eg ein donald-pocket i Berlin, men utanom om desse, som på tysk heiter ”Lustiges Taschenbücher”, fann eg ikkje noko. Tyskland er tydelegvis ikkje nokon stor marknad for teikneseriar, akkurat som USA, sjølve heimlandet til mange av dei mest populære seriane i dag.
I veka før vinterferien var eg på ein skuletur til Tyskland. Som teikneserieentusiast kjøpte eg ein donald-pocket i Berlin, men utanom om desse, som på tysk heiter ”Lustiges Taschenbücher”, fann eg ikkje noko. Tyskland er tydelegvis ikkje nokon stor marknad for teikneseriar, akkurat som USA, sjølve heimlandet til mange av dei mest populære seriane i dag. Sjølv om eg aldri såg Fantomet nokon stad i Berlin, har faktisk tyskarane også hatt Fantomet i bladhyllene, sjølv om han der nede heiter ”Das Phantom”.
Fantomet kom til Tyskland på 50-talet. Det fyrste ”Phantom-Heft” vart utgjeve av forlaget Aller Verlag, og kom i april 1952. Serien gjekk til april 1955. Eksemplar frå den tida har i dag ein svært varierande samleverdi. Verdien ligg som regel mellom 20 D-mark og 700 D-mark (kunnskapskjelden min er frå før euroen). Desse seriane har sidan 1992 vore gjevne ut av Hethke Verlag, og desse magasina har også biseriar i tillegg til Fantomet.
Om Fantomet var til sals på 60-talet kjenner eg ikkje til, men så vidt eg veit var det ikkje noko forlag som gav ut serien. I juli 1974 kom det fyrste heftet, men serien gjekk inn etter hefte nummer 238 i 1984 . I tillegg til fantomet-heftet vart det også gjeve ut to pocketbok-seriar, og ei spesialutgåve.
Historiene som vart gjevne ut av Bastei var gamle Moore og McCoy-historier, og dei kom i fargar. I kvart hefte kom det ut fleire fantomet-forteljingar, og også tilleggsseriar. Ein av tilleggsseriane var Gora Gopal, ein kopi av Tarzan. Den vart også fargelagt, men berre i kvitt, svart og oransje. Fargeleggjinga øydela ein god del av bladet etter som eg har forstått.
Bastei gav også ut kjempealbum. Dei albuma var på 260 sider, og vart henta både frå USA og Egmont
Kjempealbum frå Bastei. Hovudhistora var ”Das Geheimnis der Höhle”, eller ”The Adventures of Lucy Cary”, som er teikna av Sy Barry. Dagsstriper frå 29.06.64 til 12.12.64.
Tyskarane har dei same namna som amerikanarane på figurane i Fantomet si verd. Det einaste namnet som har forandra seg frå amerikansk, er namnet på landet Fantomet bur i. Til gjengjeld har ikkje dei tyske forlaga klart å bli einige om kva namn dei skal bruke. I alt fem forlag har gjeve ut Fantomet i Tyskland, og fire har brukt forskjellige namn.
Bengal har heitt:
Bengali hjå Aller Verlag
Gangalla hjå Kelter Verlag
Bengali og Bangala hjå Bastei Verlag
Bengalen hjå Moewig Verlag
Etter mykje om og men gjekk til slutt majoriteten over til det originale namnet. Det femte forlaget, Hethke, veit eg ikkje noko om i dette tilfellet.
Korleis det står til med Ånden som går no for tida veit eg ikkje. Tydelegvis har han nokre tilhengjarar frå gamle dagar, men eg tvilar litt på at den yngre generasjon (min generasjon) har noko større forhold til Fantomet. |

Fantomet – Spøkelset frå jungelen. Dette er det tyske namnet på historia ”The Governor's Family”, teikna av McCoy. Serien gjekk som dagsstripe frå 17.09.51 til 01.12.51 |
Steffen Hope | 03.03.05
|