Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

O Fantasma – Fantomet i Brasil

Fantomet finst mange stader, og også i Brasil. Landet har faktisk Fantomet-historie som går lenger tilbake enn den vi har her i Noreg.
Historia

Allereie i 1936 kom, i følgje den brasilianske fantomologen Sergio Takara, historia The Singh Brotherhood ut i avisa A Gazeta. Fantomet gjekk der fram til 50-talet, då tok forlaget Ebal over. Det var ein stor suksess. Ebal skifta seinare namn til RGE (Rio Graphica e Editora) og Globo. I 1994 tok forlaget Saber over, men det varte ikkje lenger enn til 1997. Det siste forlaget som gav ut Fantomet var Opera Graphics, og det skjedde i 2001.

Fantomet har alltid vore populært i Brasil, og kanskje mest på 80-talet og fram til 1991. Rundt 1991/92 hadde dessverre Brasil store økonomiske problem, ja faktisk økonomisk krise. Så Globo Forlag hadde ikkje anna val enn å gje opp teikneserien i 1993.

Globo, som trykte i fargar, gjorde Fantomet verkeleg stort i Brasil. Det var fleire utgåver til sals, som O Fantasma, O Fantasma Extra, miniseriar frå DC Comics, og eit blad som også vart kalla O Fantasma, som i sin tur var dedikert dei månadlege seriane frå DC. Det var også på denne tida at Fantomet forandra farge. Frå før hadde vår maskerte helt vore italiensk raud, men Globo gjorde ei undersøking og spurte kva farge lesarane ville Fantomet skulle ha. Svaret var: Lilla. Og slik vart det.

Saber Forlag tok over i 1994, men dessverre var den brasilianske marknaden snart overfylt med amerikanske teikneseriar frå Marvel, DC og Image. Desse seriane var i digitale fargar, medan Saber trykte Fantomet i svart/kvitt. Saber gav opp i 1997, og Fantomet kom ikkje på bana igjen før fire år seinare. Dette lange opphaldet gjorde også til at populariteten sokk merkbart. Då Opera Graphica tok over i 2001, var lesarane hovudsakleg gamle fans som hadde vortne bitne av basillen for fleire år sidan.

Distribusjonssystemet

Brasil er eit land med tre typar distribusjonssystem for teikneseriar. Dei to viktigaste distribusjonssystema er kioskar kalla ”bancas”, der dei sel teikneseriar, aviser og diverse magasin. Så har dei teikneseriebutikkar der du utelukkande får teikneseriar, plakatar, actionfigurar og liknande som er knytt til ein teikneserie. Akkurat desse butikkane er eit relativt nytt fenomen, berre ca. 15 år gammalt. Den største forskjellen ligg i at kioskar berre sel standardutgåver, medan teikneseriebutikkane ofte kan by på spesialutgåver og liknande. Men dei fleste forlaga leverer til kioskar.

Det finst og noko som vert kalla regional publisering. Det prinsippet foregår ved at utgjevarane, i dette tilfellet to som heiter Panini og Mythos, fyrst sel ein serie i São Paolo og Rio de Janeiro, så vert dei selde til resten av landet.

Dei ulike publikasjonane

Det er vanskeleg å gjengi utsjånaden og formatet på dei brasilianske teikneseriane, for det er så mange typar. Opera Graphics prøvde å ha 6 ulike fantomethefter på 3 år, der kvart hefte hadde ulikt format og pris. Eitt av heftene var Fantasma Crônikas, som var dedikerte til historiske eventyr i svart og kvitt. Hefta var på 100 sider, akkurat som i Skandinavia. Ein annan likskap er at også i Brasil gjekk krønikene over til å ta for seg det 21. fantomet også. Formatet var 13,5 X 17,7 cm. og kosta 3,98 $R (reais). Crônikas gjekk inn etter fem nummer som vart gjeve ut i ein toårsperiode.

Ei anna utgåve var Fantasma Gold, som berre inneheldt historier teikna av Sy Barry. Desse var på 84 sider og i svart og kvitt. Formatet var 16 X 23 cm. og prisen var 5,90 $R. Fantasma Gold gjekk inn etter to nummer.

Dei andre fire utgåvene av Fantomet er som følgjer:

Fantasma Pocket – gjekk inn etter to nummer

Fantasma Colecão – berre eitt nummer

Fantasma Graphic Novels – var dedikert til historier frå Moonstone, og gjekk inn etter to nummer

Fantasma Magazine – oppretta etter at dei andre vart lagde ned. Her var det historier med forskjellige teiknarar, McCoy, Barry og Olesen, men også dette bladet gjekk inn etter to nummer.

Den dag i dag eksisterer ikkje Fantomet som eit eige blad, men kjem med ujamne mellomrom ut i bladet Stripmania. Stripmania er eit magasin med ein salig miks av diverse teikneseriar, og redaktøren for bladet heiter Roberto Guedes.

Det er trist at ei slik utvikling skjer i eit land med så mange fantomet-fans som Brasil. Landet har ei strålande historie når det gjeld Fantomet, og dei har, i likskap med oss nordmenn, vore litt sjølvstendige i namngjevinga av nokre figurar. Sjølv om Sala heiter Diana, så er det dyra til Fantomet som har fått korrekte portugisiske namn. Ulv heiter Capeto, og Hero heiter Heròi.

Då RGE/Globo var ansvarlege for Fantomet, skjedde mykje positivt, for dei var villige til å satse for å glede fansen. På 80-talet og i byrjinga av 90-talet vart Egmont sine historier også gjevne ut i Brasil. Samstundes vart det også produsert brasilianske Fantomet-forteljingar. Desse var skrivne av Josè Menezes og teikna av Walmir Amaral. Eitt av desse eventyra føregjekk på den brasilianske landsbygda.

Takk til Thiago Rique for informasjon.

Steffen Hope | 01.10.06

Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 5