Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Paul Ryan kommenterer den nyeste dagsstripehistorie

Ei ny dagsstripehistorie starta i amerikanske aviser måndag den 16. januar. Denne er no å lese på www.fantomet.org. Allereie i januar tok eg kontakt med Paul Ryan og spurte nokre spørsmål både kring dagsstripeforteljinga og andre emner.
Steffen Hope: Hei Paul

Takk for at du tek deg tid til å fortelje meir om den nye dagsstripeforteljinga og andre tema.

Kan du gje eit kortfatta samandrag frå historia?

Paul Ryan: I den førre historia måtte Fantomet gripe inn og redde livet til dei to borna til ein dømd forbrytar som sonar straffa si i Boomsby-fengselet. Dette får Fantomet til å tenkje over at han må bruke meir tid med sine eigne born. Han treng å leie dei, trene dei og sikre at ein eller begge er klare til å ta på seg maska og ringane når tida kjem. Derfor tek han dei med på ei jungelvandring for å teste dei.

SH: Dette er eit ganske viktig tema. Korleis trur du teikneserien vil bli om vi får to Fantom?

PR: Personleg ser eg ikkje for meg korleis Heloise kan fylle støvlane til Fantomet. Hugs på at mystikken rundt Ånden som går er at det er den same mannen som har vandra rundt i over 400 år. Kva om Fantomet dukkar opp som ei kvinne? Ser du kva eg meiner?

SH: Har du allereie byrja på den neste forteljinga?

PR: For augeblikket arbeider eg med Jungle Trek Så vidt eg veit har ikkje Tony skrive den neste forteljinga enno. Vi har diskutert diverse plot, men ingenting er avgjort så vidt eg veit.

SH: Vi har blitt fortalt at du har nokre fleire Egmont-historier på arbeidsplanen som vil handle om det hemmelege tempelet under Eden. Er desse historiene berre for Egmont, eller vil dei bli brukte i dagsstripene også?

PR: Godt spørsmål. Eg veit ikkje om Egmont eigentleg vil bruke mine idear rundt tempelskapningane. Ulf verka for å vere fascinert av konseptet mitt. Det er mogeleg. Tony likte også ideane mine, men eg veit ikkje om han kjem til å bruke dei i dagsstripene.

SH: Igjen, takk for at du svarte på desse spørsmåla.

PR: Ingen problem. Vær så god.



Steffen Hope

Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 7