|
|
De to Fantomene FS/FS
Resymè: Original tittel: Førebels ukjend.
Ein dag då Fantomet kjem heim til hovudskallegrotta dett han om, glovarm av feber. Ingen av medisinane til bandarane hjelper, så Guran bestemmer seg for å sende bod på Sala.
Samstundes går to kvite menn gjennom jungelen. Dei har gått seg vill, og har ikkje meir vatn igjen - berre gin. Dei treff på ein wambesikrigar, og gjev han gin. Krigaren har aldri smakt slikt før, og vert ør i hovudet.
Dette skjer midt under ei av fiskekonfliktene mellom Llongo og Wambesi. Høvdingen av Llongo tilkallar Fantomet, og då Wambesi får høyre det vert dei sinte. Høvdingen av Wambesi vil at krigarane hans skal kjempe mot Llongo, men dei har ikkje spesielt lyst til å setje seg opp mot Fantomet. Ein av dei to kvite gjev høvdinen brennevin, og høvdingen vert rusen på ein-to-tre.
Dagen etter får Sala eit telegram om Fantomet sin tilstand. Ho skundar seg til Bengal med ein gong.
I mellomtida har dei to kvite, Jim og Bail, sett i gong alkoholproduksjon i stor stil hjå Wambesi, og krigarane ligg på marka i alkorus.
Sala kjem til hovudskallegrotta, og gjev Fantomet medisin. Fantomet har fått malaria, men heldigvis har Sala det som skal til. Likevel er det usikkert kor bra det verkar.
I jungelen er no wambesikrigarane fulle og kamplystne. Ein llongo som tilfeldigvis passerer, vert drepen på staden. Llongofolket har enno ikkje fått kontakt med Fantomet, og rykta går om at Fantomet er død. Dei prøver endå ein gong å sende ein beskjed, men fåfengt.
Situasjonen er så alvorleg, at llongohøvdingen går til hovudskallegrotta for å snakke med Fantomet. Guran fortel at Fantomet ikkje er til stades, men llongohøvdingen trur Guran lyg og at Fantomet er død. Sala skjønnar alvoret, og tek på seg ei fantometdrakt for å ordne opp i situasjonen.
Jungelen trur no Fantomet er død, og Wambesi er i sorg. Høvding Wamabonga manar til krig mot Llongo og Jim og Bail deler ut rikeleg med brennevin.
Sala kjem til llongobyen, og viser at Fantomet lever. Seinare den kvelden står Wambesi og Llongo ved ein stad som heiter "det steinete berget" for å slåss. Sala kjem akkurat tidsnok til å hindre kamp. Sala ber den sterkaste llongokrigaren komme fram, og kjempe mot henne slik at Wambesi ikkje trur Fantomet favoriserer Llongo. Dette har ho avtalt med stammen på førehand. Samstundes prøver Bail og Jim å velte ein stein over henne, men Hero reagerer og hoppar til sides.
Sala sigrar over llongokrigaren som avtalt, men så kjem den største krigaren av Wambesi fram og vil kjempe. Han er større enn llongokrigaren, men Sala greier likevel å vinne. Deretter vil Sala vise styrken til Fantomet ved å stupe frå ein fjellskrent ned i ein sjø. Llongohøvdingen og wambesihøvdingen vert bedne om å gjere det samme, men llongohøvdingen seier seg einig i Fantomet sine lover. Wambabonga av Wambesi er redd, og til slutt abdiserer han for å sleppe å stupe.
Men Jim og Bail har ikkje late seg lure av Sala. Dei grip henne, og tek av henne hetta så dei to stammane får sjå at det er ei kvinne. I det samme kjem Fantomet, og slår ned dei to skurkane. Han er framleis sjuk, men greier å halde seg. På veg heim fortel Sala om korleis ho vann over wambesikrigaren. Sala hadde nemleg ein bomullsdott dynka i kloroform, og bedøvde kjempa.
|
|
|
|