Horoskopbanden FS/FS
Resymè: Original tittel: Førbels ukjend.
Ein kriminell liga som kallar seg horoskopbanden, herjar i Bengal. Dei øvste medlemmane består av utelukkande kvinner, og alle har namn etter stjerneteikn. I hovudkvarteret har dei eit slags lykkehjul med dei ulike stjerneteikna på, og slik bestemmer dei kven som skal utføre neste oppdrag.
Kodenamn Vannmannen slår ned ein pilot på ein militær flyplass, og tar kleda hans. Så går ho roleg opp i flyet, og lettar. Vannmannen brukar bombene på jagarflyet til å stanse ein verditransport. Eskorten vert bomba, og sjølve transportbilen krasjar. Så kjem ein maskert bande for å frakte vekk gullet.
Etter ei stund får den eine bilen motorstopp, men den andre køyrer vidare. Fantomet overmannar dei, og får vite kor gullet skal leverast. Fantomet kjem fram til flyet. Vannmannen lettar då ho får sjå Fantomet, men han greier å komme seg opp i det. Fantomet skapar ubalanse i flyet, og Vannmannen må kaste seg ut i fallskjerm. Fantomet følgjer på.
Vel nede på bakken vert Fantomet overmanna av andre bandemedlemmar og bunden til eit tre. Dei legg ein dynamittgubbe ved sidan av treet, men heldigvis kjem Hero og hjelper Fantomet.
Litt seinare får horoskopbanden eit brev frå Fantomet, om at dei må overgje seg, eller så vil han hamle opp med dei. Kodenamn Tvilling får i oppgåve å løyse probleme, og ho har ein plan.
I USA bankar det på hjå Lily Palmer. Ei framand dame kjem inn, ho seier ho kjenner Sala. Litt etter kjem Sala heim frå flyplassen, men mora er ikkje heime. Ho ringjer Dave, men han veit heller ikkje kor Lily er. Det bankar på igjen, og den ukjende dama står utanfor. Ho tilbyr Sala ein byttehandel: Lily Palmer mot Fantomet.
Neste morgon er Fantomet på Morristown Airport. Ulv kjenner att Sala og Dave saman med ei framand kvinne, og Fantomet anar uråd. Dei tre går inn i ein bil, og køyrer til eit hus. Fantomet følgjer etter inne i huset, men vert låst inne. Tvillingen skal akkurat til å trykkje på knappen, men Sala prøvar å forhindre det. Ho greier det ikkje, og bomba går av.
Plutseleg står Fantomet der. Bandemedlemmane prøver å overmanne han, men forgjeves. Fantomet vil sjå kor Lily Palmer er skjult, og han køyrer med Tvillingen. Då dei kjem fram, ventar eit bakhald. Fantomet har forutsett dette, og etter ein kort kamp overmannar han dei. Fantomet får vite at Lily er på eit hotell i Morristown, og så gjev han beskjed til Jungelpatruljen. Dei hentar bandemedlemmane, men Tvillingen greier seinare å rømme.
|