Mysteriet med kjempeapene FA/MC (D#54 121053-300154)
Resymè: Ein dag kjem ei stor ape til llongolandsbyen og bortfører høvdingen. Krigarane prøver å drepe dyret, men spyd og piler berre prellar av. Høvdingen vert teken med inn i skogen, der dei møter to andre aper. Ei av apene gjev høvdingen ein kjepp, og gjer teikn til at han skal skrive. Høvdingen skriv alfabetet, slik han har lært på misjonsskulen. Den eine apa peikar på bokstaven A, og slår på ein hul trestamme. Llongohøvdingen skjønnar at apen meiner at slik er A på apespråket.
Etter nokre veker kjem høvdingen tilbake til landsbyen. Han har lært apespråket, og har ei viktig melding til folket sitt. Apene, som ikkje kan skadast, vil bli herskarar over Llongo, og det skal byggjast ei palass til dei i landsbyen. Palasset vert bygd, og apene innlosjert. Inne i palasset tek apene av seg forkledninga. Det er ganske enkelt kvite menn som har rusta seg ut med stålhanskar og rustning.
Neste morgon kjem høvdingen av Llongo til ossewey-folket med eit krav frå apene om ti korger med gull. Etter at apene har vist kor sterke dei er, vågar ikkje kongen av Ossewey anna enn å gå med på kravet. Etter at apene har reist, tilkallar han Fantomet. Fantomet gjer beskjed til jungelpatruljen, og oberst Weeks sender patruljemann Smythe til å undersøkje.
I llongolandsbyen vert Smythe slått ned av "apene", og patruljemannen vert bunden til ein påle midt i landsbyen. Så krev "apene" at Smythe skal drepast, men Fantomet kjem og reddar patruljemannen.
Om natta snik Fantomet seg opp på taket av palasset, men ramlar ned og vert teken til fange. Bandittane set fyr på palasset, men Fantomet kjem seg ut, og tek skurkane til fange.
Viktig detalj: I nr. 26, 1989 var historia ein omteikna versjon av Bill Lignante.
|