|
|
Dommedagsarken DB/BM
Resymè: Original tittel: The Doomsday Ship.
Etter orkanen er Fantomet, som no brukar namnet Johnny Hotwire, på veg til næraste flyplass. Han får haik til småbyen Ponce Inlet, der han får høyre om ein merkeleg mann som heiter kaptein Hopper og har ein gammal båt som vert kalla Dommedagsarka. Etter ein liten episode på ein kafe - i beste Lee Falk-stil - møter Fantomet den merkelege Hopper. Sistnemnde fortel om opplevingane under krigen, og at han har store planer. Då Fantomet ikkje vil vere med, skyt Hopper han med ei bedøvande pil.
Fantomet vaknar ombord på Dommedagsarka, og kaptein Hopper introduserer han for ei jente på rundt 20 år, som heiter Dalida. Hopper har nemleg planlagt å reise til ei fjern øy og starte ein ny menneskeheit. Arka er også sjølvsagt lasta med dyr, to av kvart kjønn. Under middagen får Fantomet vite at Dalida er fosterdottera til Rama Singh, faren sin drapsmann.
Dalida kom til USA for å vere med ei lita gruppe Singh-piratar for å finne ein skatt. Det var under leiting etter denne skatten faren hennar vart drepen av Rama Singh. Singh-piratane som var med Dalida kjem ombord på Dommedagsarka, og det vert kamp mellom dei og kaptein Hopper, som ikkje skyr noko for å nå sitt mål. Han er nære ved å bli skoten, men Dalida reddar han. Fantomet, no kledd som Fantomet, grip inn, køyrer båten på land og slepp ut dyra. Singh-gruppa sin leiar, Ravana, vert trampa i hel av ein elefant, og Hopper får hjerteproblem når han ser draumen bli knust. Fantomet kjem ut på dekk, kledd som Johnny Hotwire, og latar som han ikkje veit noko. Men Dalida har skjønt at han er Ånden som går, og gjer han ein medaljong der det står at Rama Singh held til på ei øy utanfor kysten av Bengal.
Medvirkende og andre data:
Kaptein Hopper - Innehaver av Dommedagsarken
Dalida - Stedatter til Rama Singh
Dommedagsarken - En oljetanker
Ravana - Pirat
Omar - Pirat
Handlingen utspiller seg utenfor Floridas nordøstkyst.
Tillegsserier:
Sprint - Neshornets hemmelighet, del 1 av Franquin
Herman Hedning av Jonas Darnell
Viggo av Franquin
NB. Stormesteroppgave i dette nr. samt plakat
|
|
|
|