I Stormens øye
Resymè: Original tittel: In the Eye of the Hurricane.
Etter å ha avslørt forbrytarparet Maggie og Cain, er Fantomet på veg heim til Bengal. Han tek fly frå ein liten flyplass, og går under namnet Johnny Hotwire. Saman med tre andre passasjerar, dreg han til Miami.
I mellomtida styrer eit russisk skip mot floridakysten. I nærleiken ligg eit lite samfunn, Hauntoon, der berre ei gammal dame er igjen. Dei andre har reist på grunn av den ventande stormen.
Kapteinen og andrepiloten ombord på flyet får beskjed omm at stormen har vakse til orkan, og dei bestemmer seg for å nødlande ved næraste flyplass. Ein av passasjerane, Agnew, dreg ein pistol mot andrepiloten, og går inn i cockpiten. Fantomet grip inn og slår til Agnew, men under kampen som opptår, skyt Agnew piloten. Flyet landar i sumpmarkene nær det vesle samfunnet Hauntoon. Passasjerane og andrepilot Cassidy tek inn på eit hotell, styrt av den gamle dama Amelia Ducat. Ho er synsk, og spår Fantomet. No får han vite at Rama Singh oppheld seg på ei øy utanfor kysten av Bengal.
Det er ikkje berre passasjerane frå flyet som har søkt tilflukt i hotellet, men og to russarar. Agnew byrjar å bråke, men Fantomet roar han ned og stel samstundes lommeboka hans. Der får han vite at Agnew er i CIA.
Litt seinare passerer auget i stormen over Hauntoon. Agnew trur heile orkanen har passert, og stikk av. Det korkje han eller nokon andre veit er at den eine russaren, Jurij, spring etter.
I hotellet har den andre russaren, Fjodor teke kontrollen. Fantomet overrumplar han, og slår han ned. Hackett, ein av dei andre passasjerane, tek pistolen til Fjodor, og passar på han medan Fantomet spring etter Agnew.
Ute i sumpen møtest Agnew og Jurij. Dei drep kvarandre, og Fanotmet skundar seg tilbake til hotellet. Der høyrer han skot, og Hackett kjem ut døra med den fjerde passasjeren, Connie Luciano. Hackett er ein mafiatorpedo som jobbar for mannen til Connie, som ho har rømt frå. Akkurat i det Hackett skal til å gå sin veg med gisselet, dukkar ein alligator opp og tek han.
Morgonen etter har stormen passert, og Cassidy vaknar igjen. Fantomet veit no kor han skal reise, nemleg ei øy utanfor kysten av Bengal. Ei øy med to regnbogar.
|