|
|
Av samme blod
Resymè: Original tittel: Of the same Blood.
Det 17. fantomet er død, og medan besetninga på Crimson Corsair kjempar mot singh-piratane, ror Kate og Chris i land for å frakte kroppen hans til hovudskallegrotta. Dei går gjennom jungelen til dei treff på bandarane som viser dei vegen.
Framme ved grotta møter dei Kit, og fortel om kva som har skjedd. I same augeblikk kjem Julie, som har høyrt kva som har skjedd. Kit tek faren ned i krypten, og gravlegg han. Sjølv kjenner Kit seg usikker, og ber tanta om å ta over til han er heilt klar. Julie svarar at hennar tid er forbi, og det er Kit som må kjempe mot ondskapen.
Utanfor er Chris ivrig etter å finne Kyklopen og ta hemn. Kate prøver å forklare at hemn ikkje fører noko godt med seg, men Chris spring inn i jungelen.
Kit kjem ut frå grotta som Fantomet, og Kate fortel om forholdet hennar til faren, og slektskapet mellom Chris og Kit. Seinare kjem Chris tilbake, han har skjønt at mora har rett. Medan Fantomet dreg ut for å skaffe opplysningar om Kyklopen, trenar Chris for å bli god nok til å kjempe mot Singh.
Seinare kjem Fantomet tilbake, og han har funne ut kor Kyklopen er. Kyklopen har vorten kaptein på eit panserskip som Singh nyleg har skaffa seg. Med dette kan dei herje fritt, fordi britane har trukke all militær hjelp vekk frå Bengal på grunn av politiske element som ønskjer sjølvstende. Dette gjer til at Singh kan herje utan motstand langs kysten av Bengal.
Chris rakar av seg alt håret, og tek hyre på panserskipet - Dreadnought. Samstundes kjem Kate til skipet, som ligg på land under byggjing, og tilbyr seg sjølv i bytte mot mannskapet hennar, som er fanga ombord. Kyklopen får og tilbudet om Fantomet. Piraten svarer at Fantomet er død, men Kate kan fortelje at han ikkje er det, og at han overgav sonen hennar til myndigheitene. Derfor vil ho ha hemn. Til slutt går Kyklopen med på forslaget, men mannskapet vert ikkje fri før Fantomet er død. Så tek han med seg Kate inn i kahytten sin.
Medan Kate er i kahytten til Kyklopen, snik Chris seg ned til fangane med ein nøkkel. Då han kjem opp igjen vert han avslørt av fyrstestyrmann Blackheart. Blackheart varslar Kyklopen, og Chris vert bunden til masta og får seksti piskeslag som straff.
Då Kyklopen er ferdig, kan ikkje lenger Chris kjenne føtene sine. Straks etterpå sprenger Fantomet skipet laus frå stillaset, og Dreadnought hamnar på havet. Sidan skipet er pansra, er ikkje Kyklopen redd for dynamitt. Men Kate sparkar over ende eit ildfat, og dekket brenn godt. I det samme kjem mannskapet frå Crimson Corsair opp frå lasterommet, og Fantomet dukkar opp frå ingenstadar.
Medan kampen foregår på dekk, lokkar Kate Kyklopen inn i kahytten hans, og stikk han fire gonger med kniv. Oppe på dekk er singh-piratane på vikande front, og Fantomet spør kven som vil vere den neste til å slåss med han. Kate seier seg villig, for å få i stand ei avleiingsmanøver. Fyrstestyrmann Blackheart meiner det vil bringe vanære over brorskapet å la ei kvinne slåss for dei, så han slår Kate med ein kniv som kuttar opp venstre sida av ansiktet hennar.
Kate fell på sjøen, og vert seinare plukka opp av nokre nonner på klosterøya - den tidlegare basen hennar. Der vert ho verande resten av livet, og treff seinare igjen Fantomet ved nokre få anledningar. Kate vert etterkvart abbedisse på klosteret, og skriv ned historia si. Denne dagboka skal stå i krønikerommet etter hennar ønske, slik at framtidige generasjonar får lese henne.
Då han har lese ferdig, høyrer Guran trommene. Dei fortel om at Fantomet ligg såra på Dr. Axel sitt jungelhospital, og han skundar seg i veg dit.
|
|
|
|