Falt i strid
Resymè: Original tittel: Death of a Phantom.
Medan Guran ventar på at Fantomet skal komme heim, tenkjer han dystre tankar. For å få tungsinnet på avstand tek han fram dagboka til Kate Somerset.
Kate og det 18. fantomet er på veg gjennom jungelen for å finne sonen deira, Chris. Han er i teneste hjå singh-kapteinen Kyklopen, ein gammal fiende av Fantomet. Då dei når Morristown deler dei lag og medan Fantomet forhøyrer seg om Kyklopen, går Kate for å finne sitt gamle mannskap. Ho får samla dei, fortalt om situasjonen, og alle saman vert med for å finne Chris, sjølv om det betyr ad amnestiet frå guvernøren er ugyldig.
Fire netter seinare spionerer Kate og Fantomet på ei gruppe singh-piratar som hentar vatn ved Spyglass. Fantomet slår ned to av dei, og han og Kate forkler seg. Ombord finn Kate Chris, men han er fiendtleg innstilt til henne, og kallar henne ein forrædar mot "brorskapet" fordi ho tok imot amnestiet frå guvernøren av Bengal. Kate fortel at det ikkje er noko ære i å vere sjørøvar, og Chris får vite at faren hans er Fantomet - Singh sin hovudfiende.
Samstundes gjer Fantomet klar ein sabotasjeaksjon mot skipet. Ein pirat oppdagar kva han held på med, og slår han ned bakanfrå. Fantomet vert teken med til Kyklopen, men greier å sparke ein fakkel ut av handa hans, og den set fyr på krutet Fantomet har strødd frå dekket til krutmagasinet. Heile krutrommet eksploderer, og det er signalet til mannskapet på Crimson Corsair, som dei har teke tilbake for andledninga. Crimson Corsair skyt mot singhskipet, Reiver, som svarar kanonelden.
Akkurat idet Kyklopen skal til å drepe Fantomet kjem Chris med Kate. Chris er framleis fast bestemt på å bli singh-pirat. Sikker på Kyklopen sin lojalitet mot mannskapet, fortel han om slektskapet til Kate. Medan Kyklopen og Chris snakkar, kjem Fantomet seg laus takka vere Kate som kappar tauet. Kyklopen stikk ned Fantomet, men det er ikkje eit dødeleg sår. Kyklopen gjev Chris i oppgåve å velje kven av Kate og Fantomet som skal drepast fyrst. Chris greier sjølvsagt ikkje det, og Kyklopen slår han i dekket. Medan Kyklopen står og funderar på kven han skal drepe fyrst, dundrar Crimson Corsair inn i skuta. Kate, Chris og Fantomet bergar seg unna dei to fyrste skota frå Kyklopen, men så hamnar Chris og Kate midt i skotlinja. Akkurat idet Kyklopen skal til å trykkje av kastar Fantomet seg framfor dei, og tek imot kula. Rett etterpå kjem kvinnene frå Crimson Corsair ombord, og det oppstår kaos på dekk. Medan kampen er som verst, kjem Kate og Chris seg unna med det døde Fantomet for å ta han tilbake til hovudskallegrotta.
|