Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Johnny Hotwire

Utgivelsesår: 2004
Nummer: 20
Forfatter: Tony De Paul (TP)
Tegner: Hans Lindahl (HL)
Også utgitt:
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:


Resymè: Original tittel: Johnny Hotwire.

Fantomet har fått brev frå tante Bessie og onkel Sid i Watertown, USA. Nevøen deira, Billy, er med i ein ungdomsgjeng som stel bilar, og dei ber Fantomet(som Kit Walker, sjølvsagt)om hjelp. Fantomet treff ungdomsgjengen og presenterer seg som Johnny Hotwire (som betyr å tjuvkoble ein bil). Billy, som heldigvis ikkje har kjent igjen Kit Walker, vert sendt på oppdrag, og Fantomet blir med til hovudkvarteret til gjengen. Medan Sluggs og Fantomet pratar, kjem Billy tilbake med politiet i hælane. Fantomet greier å hindre politiet, og blir svært populær i gjengen.

Billy og kjæresten Chickie vil ut av gjengen, men Sluggs har sett eit hardt krav. Billy må stjele ein Lotus, ein europeisk racerbil som berre finst ein av i området. Fantomet ordnar lotusen, og i rein glede gjev Chickie Fantomet eit kyss. Billy blir sint, og i frustrasjon stel han motorsykkelen til politimannen Bull Dawson, som er kjøpt og betalt av Sluggs. Bull Dawson blir rasande, dreg ned til stamkafeen til gjengen, og bankar opp Sluggs. Medan Bull held på som verst, kjem Fantomet og reddar Sluggs. Både Sluggs og Bull hamnar på sjukehus, medan Fantomet vert ein helt i gjengen. Han gjev Billy og Chickie bilen til Sluggs, og dei to reiser.

Ei veke seinare har politiet møtt mannsterkt opp på kafeen. Heile gjengen er korrupte, og er der for å ta Fantomet. Fantomet går inn i ein telefonkiosk i kafeen, og skiftar til fantometdrakt. Medan Elvis Presley syng Jailhouse Rock bankar Fantomet opp heile politistyrken. Sluggs hamnar i fengsel, saman med fellande bevis. Han har nemleg hatt vane for å la seg fotografere saman med bilane så snart dei er knabba.

Etterpå dreg Fantomet tilbake til garasjen som var hovudkvarter for gjengen, og hentar lotusen. Lotusen har han nemleg fått lånt av eigaren, kongressmann Disney, som var ein god ven av faren hans.
Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 4