Kureren
Resymè: Original tittel: The Courier.
Fantomet har fått eit brev frå onkel Sid og tante Bessie, som han budde hjå medan han gjekk på skulen. Tanta og onkelen kan fortelje at nevøen deira, Billy, har hamna i trøbbel og ber Fantomet hjelpe til. Fantomet reiser til USA, og får vite at Sala er teken for valutasmugling på Bermuda. Fantomet dreg til Bermuda, og får vite kva som har skjedd av Lily Palmer.
Sala har vore på Bermuda for å delta på eit symjemeisterskap. Ho vert kjend med den unge playboyen Orrin Falcone. På flyplassen då Sala skal reise, vert veska hennar stolen. Sala tek igjen napparen berre for å oppdage at veska er full av pengar. Dermed vert ho arrestert av politiet. Fantomet sporar opp veskenapparen, ein mann som heiter Speedy Gonzales. Han får vite kvar Gonzales bur, men kjem akkurat for seint. Gonzales er allereie teken av dei som leigde han til å nappe veska på flyplassen. Fantomet, kledd som Kit Walker, entrar båten til dei to som kidnappa Gonzales, men vert slegen ned bakanfrå. Ute på havet vaknar Fantomet til live igjen, og reddar livet til Speedy Gonzales. Etterpå pressar han dei to kjeltringane, Slug og Dug, informasjon om kven som står bak. Han får vite at mafiafamilien Falcone hadde store pengar på Cuba før revolusjonen, og no prøver dei på alle mogelege måtar å få pengane til USA igjen. Fantomet reiser tilbake til USA, og oppsøkjer Orrin Falcone. Etter ein liten katt-og-mus-leik tilstår Orrin Falcone til politiet, men når Fantomet møter Sala igjen er ho framleis sur fordi ho vart åleine på skuleballet.
|