Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Det 21. Fantomet

Utgivelsesår: 2004
Nummer: 17
Forfatter: Claes Reimerthi (CR)
Tegner: Paul Ryan (PR)
Også utgitt:
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:


Resymè: Original tittel: The 21st Phantom.

Det 20. fantomet døyr, og Kit må ta over ringane og drakta. Han legg faren i gravkammeret, og sverger den gamle fantometlovnaden. Til slutt legg han til ein personleg lovnad, lovnaden om å hemne faren og straffe Rama Singh.

Kit har ikkje vore Fantomet lenge før han får sitt fyrste oppdrag. Ei kvinne vert forfølgd av slavejegerar. Fantomet mistar verdifull tid då hesten til faren, Thunder, ikkje kjenner han att. Etter ei kort stund har han roa ned Thunder, og rir for å finne kvinna. Ho har allereie vorten funnen av slavejegerane, og Fantomet kjem akkurat tidsnok. Han avvæpnar dei, men ein av dei får distrahert Fantomet såpass at ein av dei andre får tid til å skyte. Kula streifar panna, og slår ut Fantomet.

Seinare slår slavejegerane til igjen, og bortfører nokon kvinner frå tutuku-stammen. Dei tek med seg kvinnene til leiren deira, og kastar dei inn i ei innhegning fullt av andre fangar, som skal seljast til slavehandlarar frå Mucar.

Om natta kjem ein mann til leiren, fast bestemt på å drepe slavejegerane og befri fangane. Fantomet kjem akkurat i tide til å hindre han i å drepe Fantomet fortel om situasjonen, og ein plan han har. Den unge krigaren blir gladeleg med på planen.

Fantomet snik seg inn til den store innhegninga, og ber fangane flytte seg til den andre enden. Så tek han lastebilen til slavejegerane, og knuser innhegninga. Fangane rømmer, og Fantomet kjempar mot bandittane. Inne i skogen står den unge krigaren, Ugambu, klar og skyt mot slavejegerane. Det gjer at dei plutseleg snur merksemda mot skogen, og Fantomet får tid til å avvæpne dei.

Medan Fantomet bind slavejegerane, rømmer sjefen for banden - polakken Woyzek - ut i jungelen. Stress og redsle gjer at han blir overnervøs, og tømmer pistolen sin mot trea i den kviskrande skogen, då dei kviskrar namnet til Fantomet. Woyzek spring ut i ein sjø der det veks bambus. Woyzek lagar seg eit spyd, og overraskar Fantomet. Spydet treff skuldra hans, og Woyzek pressar han ned på botnen av den grunne sjøen. Heldigvis knekk bambusspydet, og Fantomet kjem seg opp og får luft. Medan Woyzek og Fantomet kjempar, kjem ei krokodille som har kjent lukta av blod. Den angrip Woyzek, som står nærast, og dreg han med seg ned i djupet.

Neste dag kjem slavehandlarane frå Mucar til den avtalte møtestaden. Pålen som markerer staden er velta, og merka med ein dødningeskalle. Fantomet viser seg, og jagar slavehandlarane bort. Etterpå får nokre innfødde sjå han, og jungelen får vite at Ånden som går lever.
Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 2