Den røde heksen, del 2
Resymè: Original tittel: The Scarlet Sorceress.
I fyrstedømmet Volaria regjerer den kvite raja. Han har eit barnebarn som heiter Valerie, og som er ein venn av Fantomet.
Samstundes, hjå fjellfolket Wogu, har kongen si dotter vorten sjuk. For å få ho frisk rådfører han seg med den raude heksa, ei heks som er den øvste spirituelle autoriteten hjå Wogu-folket. Ho fortel kong Wog at det som trengst er ei prinsesse på same alder som dotter hans, men som er lys og kvit - altså wogu-prinsessa sitt motstykke. Kong Wog får høyre om Valerie, og sender to menn for å kidnappe henne.
Forkledde som gjøglarar slepp dei inn i slottet til rajaen, og seinare på kvelden kidnappar dei Valerie. Rajaen spør Fantomet om hjelp, og Fantomet reiser til Wogu for å finne barnebarnet hans. Der møter han den raude heksa, og får vite hemmelegheiten hennar. Eigentleg er ho berre ei tryllekunstnerske som overlevde eit flykrasj to år tilbake. Ved hjelp av enkle knep vann ho innpass hjå Woguane. Kong Wog tek dottera si med seg til heksa, og trur at blodet frå Valerie vil gjere dottera frisk. Den raude heksa tek prinsessa med seg til eit hemmeleg rom, og dei to jentene byrjar å leike. Då vert plutseleg wogu-prinsessa frisk, for ho har ikkje fått lov å leike før. Kongen blir glad for å sjå dottera frisk og glad, men alt er ikkje over. Fantomet vil ha kong Wog stilt for retten, men kongen krev at Fantomet duellerer mot ei av slåsskjempene hans. Fantomet vinn, og det fører til at kong Wog vert offentleg audmjuka. Den raude heksa, som eigentleg heiter Magda, overtyder Fantomet om at dette er straff nok. Fantomet går med på det, let saka liggje og dreg så tilbake til Volaria med prinsesse Valerie.
Artig detalj: Valerie er namnet på dottera til Lee Falk.
|