Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Piratdronningens sønn

Utgivelsesår: 2004
Nummer: 16
Forfatter: David Bishop (DB)
Tegner: Cesar Spadari (CS)
Også utgitt:
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:


Resymè: Original tittel: Son of the Pirate Queen.

Crimson Corsair seglar vekk frå bengalkysten for å få ein ny start. Skuta når Karibia og mannskapet slår seg ned på ei øy dei kallar Eden. Kate er høggravid, og føder ein son på øya. Ho kallar han Chris.

Ei natt samlar ho mannskapet sitt, og fortel at ho vil gje opp livet som sjørøvar. Kate vil gje dei andre skuta, men vil berre ha nok gull til seg sjølv og Chris. Etter ei lita samtale, vert mannskapet einig i å følgje Kate denne gongen og.

Nokre år seinare er Crimson Corsair eit handelskip, og Chris er vorten åtte år. Det karibiske hav vrimlar av piratar, men Kate og besetninga hennar er i stand til å gje kraftig motstand. Ein dag dei ligg i hamn, får Chris sjå ein familie. Han spør Kate kven faren hans er, og Kate svarar at han er død, for ho reknar ikkje med at dei vil vende tilbake til Bengal.

Hjå hamnefogden får Kate vite at sidan mora gjekk bort for lenge sidan har ingen gjort krav på arven. For å gjere det må Kate reise til advokat Cranston i Morristown innan slutten av månaden. Ho bestemmer seg for å gje Chris det som er rettmessig hans, og vender tilbake til Bengal.

På grunn av hastverk dreg Kate og Chris gjennom jungelen frå Spyglass. Dei vert overraska av røvarar som skyt kusken. Kate overmannar to av dei, men den tredje rettar ein pistol mot Chris. Akkurat då kjem Fantomet, og slår ut skurken. Fantomet kjenner igjen Kate, og tilbyr seg å eskortere dei til Morristown. Om kvelden då Chris har sovna, snakkar Kate og Fantomet om fortida. Fantomet fortel at han er gift og har ein son, og påpeikar nok ein gong at han ikkje kunne gifte seg med ei piratdronning. Det ingen av dei to veit er at Chris ikkje har sovna, og har høyrt alt.
Morgonen etter er Fantomet borte, men han har lagt ut teikn som viser rett veg. Sjølv er han alltid i nærleiken - usynleg.

I Morristown tek dei kontakt med advokat Cranston, og han fortel om krava som testamentet stiller. Chris har ikkje lyst til å gå på skule i England for å få arven, men Kate høyrer ikkje på han. Istaden vil Chris verte pirat som mora. Kate vert sint og slår Chris. Seinare vert han sendt til England, men no er han bitter og sint.

Mange år seinare får Kate vite at den nye guvernøren av Bengal har gjeve alle piratar amnesti. Sjølv om singh-piratane framleis er etter dei, vel Kate og dei andre å vende tilbake til Bengal.

Då dei kjem til Bengal møter dei seks piratskip. Kate er førebudd, og har med seg to andre skip, fullasta med krut. Dei to andre skipa vert sett fyr på, og styrt mot den vesle singhflåten. Dei to skipa eksploderer attmed to av piratskutene, og lagar ei åpning i blokaden av skip. Idet dei dreg forbi, ropar ein pirat til henne at ho er ei skam for alle piratar.

Vel framme i Morristown får dei amnesti, men Crimson Corsair vert beslaglagt sidan den ikkje er Kate si rettmessige skute. Mannskapet til Kate har ikkje råd til nytt skip, så Kate dreg til advokat Cranston. Der får ho vite at Chris har rømt frå England for å bli pirat. Kate skjønnar at piraten som ropa til henne var sonen.

Kate skjønar at berre Fantomet kan hjelpe henne, og skaffar seg meir informasjon om korleis ho kan finne han. Ho treff igjen skurken som overfall henne og Chris for mange år sidan, og ettersom han ikkje kjenner henne igjen fortel han at "du finn aldri Fantomet, han finn deg". Ho gå ut i jungelen og ropar, og til slutt svimar ho av. Fantomet har høyrt ropa, finn henne og tek henne til hovudskallegrotta. Der kjem Kate til seg sjølv. Ho fortel om Chris som er vorten pirat, og som er sonen hans. Då Fantomet får vite det, dreg dei ut for å finne han med ein gong.
Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 4