Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Elskede pirat

Utgivelsesår: 2003
Nummer: 26
Forfatter: David Bishop (DB)
Tegner: Cesar Spadari (CS)
Også utgitt:
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:


Resymè: Original tittel: My Darling, Pirate.

Kate er no vorten kaptein på skipet Crimson Corsair. Ho og mannskapet hennar opererer effektivt, og snart vert Kate kjend som piratdronninga.

Ein dag bordar dei eit skip som fraktar nokre nonner over til Klosterøya. Fyrstestyrmann Janus vil drepe dei, men Kate hindrar han. Hennar mål er berre å rane folk med pengar, ikkje å drepe for fote - slik som singh-piratane.

Når dei har borda eit skip får alltid besetninga eit tilbod om å slåss mot ein av mannskapet til Kate. Vinn vedkomande, får han vere med dei. Etter eit tokt vil ei ung jente, Mary, slåss, og ho møter ei av Kate sine sterkaste. Mary er kvikk og lur, og vinn over den store piraten. Trass protestar frå fyrstestyrmann Janus, vert Mary teken med i mannskapet.

Seinare kjem fleire kvinner med i besetninga. Janus mislikar dette sterkt, men Kate nektar å gje etter. Under eit tokt høgg han ned ei kvinne for å vise kva han meiner om Kate sin regel om å ikkje skade uskuldige. Kate gjev ordre om å snu mot land for å finne eit sjukehus. Medan dei seglar, vert Janus bunden til stormasta og piska tretti gonger.

Kvinna overlever, men på sjukehuset får Kate høyre om at begge brørne er døde av skarlagensfeber. Ho dreg til mora, som ligg for døden. Mora er sint for kva Kate har gjort, og etter at mora har døydd greier ho ikkje heilt å kvitte seg med orda hennar.

Ei veke etter kjem Janus med opplysningar om ei verdifull last på veg til England. Etter at dei har kapra skipet, dukkar Fantomet opp på dekk. Kate føresler at dei skal ha ein fekteduell. Om ho taper, skal ho overgje seg.

Medan Fantomet og Kate kjempar på dekk, speidar Janus ut over havet. Midt under kampen kyssar Kate Fantomet, og han vert så forundra at Kate klarar å slå sverdet ut av handa hans. Fantomet vert bunden til masta, men idet Kate skal til å ta av maska dukkar singh-piratane opp. Janus har forråde Kate, og etter at singh-piratane har teke besetninga på Crimson Corsair til fange, bind han Kate til masta. Han vil gje henne seksti piskeslag, men ho svimar av før ho har fått så mange.

Då ho vaknar er ho bunden til Fantomet, og dei vert kasta på sjøen. Dei kjem seg laus takka vere kniven i Fantomet sin støvel, og byggjer ein flåte av vrakgodset som ligg på havet. Kjærleik oppstår, og snart elskar dei på flåten. Dagane går, men dei overlever. Etter sju dagar vert dei plukka opp av eit skip. Kate vil at dei skal gifte seg, men Fantomet nølar sidan han har svergja på å utrydde sjørøveri og urett.

I Morristown vert Kate arrestert og dømd til døden ved henging. Då ho står med hovudet i repet, fortel ho at ho er gravid for å få utsetjelse på dødsstraffa. Ei jordmor vert sendt for å undersøkje, og ho oppdagar at Kate verkeleg er gravid. Seinare latar Kate som om ho er sjuk, og vert overført til sjukestova i fengselet. Ho greier å rømme, og gjenopptek kontakten med den gamle besetninga.

Under eit besøk hjå jordmora får Kate ein beskjed frå Fantomet, og Kate legg igjen eit svar der ho ber han møte opp ved Klosterøya. Fantomet kjem, og fortel at han vil gifte seg med henne på den betingelsen at ho gjev opp livet som pirat. Kate går med på det, dersom ho taper ein sverdduell. Medan dei kjemper, dukkar singh-piratane opp igjen. Fantomet tapar duellen, men Kate får ikkje nyte sigeren lenge. Singh-piratane bordar Crimson Corsair, og det vert ein blodig kamp. Janus er med i følgjet, og drep Mary.

Kate er rasande, og dei to kjemper. Samstundes har besetninga og Fantomet sigra over singh-piratane. Janus sparkar Kate i magen så ho dett, men Janus får eit spark i kneet så han fell. Idet Kate skal til å stikke kniven i han, seier Fantomet at Janus skal overlatast til lova. Kate er altfor rasande over mordet på Mary at ho drep han. Fantomet seier at han kan ikkje gifte seg med ein mordar, og går frå borde.
Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 4