Ibismysteriet 1: Ondskapens paradis
Resymè: Original tittel: The Ibis mystery, part one.
Ein dag kjem Fantomet tilbake frå oppdrag, sterkt skada. Gamle Moz og Guran tek hand om Fantomet, men har har tung feber. Etter nokre dagar har Fantomet vorte betre, så han fortel Guran kva han har vore med på. Saka har ei byrjing som går langt tilbake i tid, så Fantomet tek Guran med til krønikerommet.
Etter eit besøk hjå massagni-stammen, kjem Fantomet ut for eit kraftig uver. Han søkjer ly i nokre gamle ruiner, og høyrer at nokon ropar om hjelp frå ei hole. Der inne finn han ein arkeolog, som har fått ei steinblokk over foten. Før han svimar av, viser han Fantomet eit fugleskjelett med ein amulett i nebbet.
Fantomet tek med seg arkeologen, som heiter Oppenheimer, til hovudskallegrotta. Der fortel arkeologen om bakgrunnen til denne amuletten.
Året er 2600 f.kr. Farao Cheops styrer i Egypt, og i hoffet hans er ein prest som heiter Chafi - ein skummel og frykta mann. Ein dag finn farao Cheops ut at Chafi står i med kona hans, og han vert rasande. Chafi vert dømt til døden, og dronninga tek livet sitt kort etterpå. Chafi skal balsamerast levande, som straff for ugjerninga si. Hjelparane hans legg ein forgifta linklut over ansiktet hans, for at døden skal komme fortare. Etterpå skal dei til å leggje amuletten til Chafi ned i steinkista hans, men Chafi seier at han ikkje er død. Livredde spring hjelparane ut av gravkammeret, og gløymer å forsegle opninga. Ut frå grava kjem ein kjempeibis flygande, og i nebbet har den amuletten til Chafi.
Neste avsnitt i historia foregår på det 7. fantomet si tid. Ein dag han er på besøk hjå keisar Joonkar vert Fantomet vitne til eit rovmord på skattmesteren. Joonkar fortel Fantomet at i det siste har det vore mange mord i området. Dei to bestemmer seg for å undersøkje, og dreg på ein liten ekspedisjon. Offisielt er Joonkar på besøk hjå ein maharajah, men ute i rom sjø kler Fantomet og Joonkar seg ut, og dreg så inn til Sanloi - det største piratreiret i Bengal.
Inne i ei hamnekneipe byrjar dei å prate med ein gjeng som ser litt suspekte ut. Dei får høyre at dei er på veg til paradis, ein stad som vert styrt av ein mann som kallar seg "Paradisets herre". Fantomet og Joonkar vil vere med, og sidan paradisherren stadig vil ha nye rekruttar, tek dei tre karane med seg Joonkar og Fantomet.
Neste dag, undervegs til paradiset, får dei høyre om oppgåva til dette merkelege brorskapet. Dei er på leiting etter Chafi sin heilage ibis. Etter ei stund kjem følgjet til paradisporten. Innanfor er eit stort bygningskompleks, der vakre kvinner vartar opp menn som ser ut som om dei går på stoff. Det gjer dei også. Fantomet og Joonkar får vite at alle kan nyte paradis nokre dagar som levande, men om dei ofrar seg for paradisherren, får dei vere der for evig.
Joonkar og Fantomet vert ført inn stor hall, der dei skal gjennom truskapstesten. Fyrst vert alle saman serverte krus med narkotikum. Så kjem paradisherren fram, og talar om oppdraget. Deretter må alle gå på glødande kol, noko som både Joonkar og Fantomet klarar utan problem. Etter denne truskapstesten, dreg Fantomet og Joonkar ut av paradiset.
Seinare kjem dei tilbake for å ta paradisherren. Dei kjem seg inn i kammeret hans, stansar dei kvinnelege vaktene og tvingar paradisherren opp på taket. Der byrjar han med illusjonar, men Fantomet lar seg ikkje knekkje. Til slutt innser paradisherren at slaget er tapt, og han kastar seg ut for taket.
Då Joonkar og Fantomet kjem ned på bakken, ser dei ein diger ibis flyge opp frå den døde kroppen. Dei går bort til liket, og finn ut at den døde er Joonkar sin skattmester, Semendalh. Då Joonkar sine soldatar kjem nokre dagar seinare for å arrestere brorskapet, er ei gammal, øydelagt ruin alt som er att.
|