Djevelens bibliotek, Del 1 - Ulv i fåreklær
Resymè: Original tittel: The Devil's library, part one.
Ein mann som heiter Skipper, vert dømd til tre års straffearbeid på Boomsby. Idet han sit i bilen på veg til fengselet, vert transporten stoppa av nokre væpna menn. Dei overmannar politimennene, og tek med seg Skipper.
To netter seinare, spring ei ung kvinne gjennom Bengete, ein forstad til Morristown. Ho har nokon i hælane, men får eit lite forsprang ut i jungelen. Ho ropar på Fantomet, men ingen dukkar opp. Neste morgon er bandittane på sporet hennar att, men heldigvis dukkar Fantomet opp. Han tek kvinna med til hovudskallegrotta, der ho fortel om kvifor nokon er etter henne. Faren hennar har nemleg kome på sporet etter grava til Aleksander den store, som skal romme ufattelege skattar. Grunnen til at dei er i Bengal, er at Skipper har fortalt om at diamantbegeret til makedoniaren er her. Petra Faust, som ho heiter, får sjå diamantbegeret.
Fantomet dreg inn til Bengete, for å snuse opp meir om Skipper. Han får vite kor Skipper bur, men der er ingen heime. Istaden dreg han til professor Faust sitt hus, for å sjå om han kan finne noko av interesse. Inne i huset finn han Skipper, skoten. Mennene som jaga Petra, og fridde Skipper, er der også. Dei kjem fram, og fortel at dei vil ha diamantbegeret i bytte mot professoren.
Tilbake i hovudskallegrotta fortel Fantomet om hendinga til Petra og Guran. Guran er likar ikkje tanken på å gje vekk diamantbegeret, men Fantomet har ein ide. Å lage ein kopi i bergkrystall. Det vert gjort, og det falske begeret vert levert av Guran. Bandittane stikk av raskt etterpå, men Fantomet henger seg på bilen. Uheldigvis for Fantomet, køyrer dei over ein dump og han mistar taket.
I hovudskallegrotta er Guran komen tilbake. Ho slår ned Guran, og tek med seg diamantbegeret.
Samstundes kjem ein merkeleg gammal mann til dei djupe skogane. Bandarane stenger vegen, men han slår dei ut ved hjelp av hypnose.
Petra spring gjennom jungelen, medan trommene fortel om hennar gjerning. Fantomet høyrer trommene, og dreg tilbake til hovudskallegrotta. Der finn han eit brev frå Petra, der ho forklarer at ho gjorde det for å redde faren. Fantomet skjønar at Petra ikkje kan forhandle med banden åleine, så han dreg inn til Morristown for å finne spor etter henne. I ei avis finn han ei annonse underteikna PF, som fortel stad og tid for eit møte, berekna på bandittane.
Møtet skjer på hamna i Morristown. Petra går inn i eit lagerbygg, der banden ventar. Ho får sjå igjen faren, men idet dei omfamnar kavarandre, tek den eine banditten fram ein pistol. Fantomet er sjølvsagt i nærleiken, og grip inn i situasjonen. Han reddar professoren og Petra bak noko maskineri, men så vert Fantomet slått ned av professoren.
Då han vaknar fortel Petra om at krypten til Aleksander er inngangen til djevelens bibliotek. Noko meir seier ho ikkje om den saka, og dreg for å nå eit fly. Etterpå vil bandittane ta livet av Fantomet, men greier å stikke av. Han overmannar dei ein etter ein, og då han er ferdig kjem heldigvis politiet, som ordnar opp med dei medvitslause bandittane.
|