Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Frelseren, Del 2: Farmen CR/HL

Utgivelsesår: 2005
Nummer: 20
Forfatter: Claes Reimerthi (CR)
Tegner: Hans Lindahl (HL)
Også utgitt:
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:
Frelseren, Del 2: Farmen CR/HL - Rex og Småfolket, Del 2 FA/BA (D#92 030673-160973) -

Resymè: Fyrst of fremst vil eg seie at framsida er heilt utruleg god. Mørk, dyster, flotte fargar og ei religiøs stemning der tvilen herskar (berre sjå på Fantomet).

Frelseren, del 2 - Farmen

(Reimerthi/Lindahl)

Ei spennande historie frå fyrst til sist. Er Lubanga verkeleg vorten ein god mann? Er han berre leiar for ei fredeleg kristen sekt som arbeider for fred? Det heile byrjar bra med at ein liten gjeng ungdomar vert drepne i jungelen, kva kan dette bety?

Allereie i byrjinga av historia vert vi knnfrontert med ei viktig konflikt: Er det moralsk forsvarleg å berøve eit menneske grunnleggjande juridiske rettar? Er det eigentleg berre ei hemn frå Luaga si side? Og har ikkje folket rett til å vite sånt? Vi får i alle fall sjå kva som skjer når dei får vite det, og det viser ei tydeleg utvikling av personen Lamanda Luaga. Det var på tide. Nettopp dette var jo det Claes Reimerthi meinte burde skje, no som vi har hatt Luaga i rundt 40 år.

Ute på Farmen vert vi presentert for ein gammal kjenning. Sarah Cartwright, alias Miss Mist. Ho vart jo hypnotisert av Lubanga i den todelte historia Lubangas Hevn (06-07/00), og no er ho tilbake som leirkommandant. Tydelegvis ligg det meir bak Guds Røst enn berre meditasjon.

Endå eit spørsmål melder seg: Kven er broder Gabriel? Ein spion frå Rodia? Ein freelance utnyttar? Eg gledar meg til vi får vite dette.

Slutten er jo verkeleg overraskande. Luaga trekkjer seg som president, og Lubanga avslører sine verkelege planer. Skumle greier.

Medvirkende og andre data

Lamanda Luaga - Bengals president
Bengal Bugle - Avis i Morristown
Moses Mobele - Journalist
Ed - Redaktør i Bengal Bugle
Frankie - Soldat på Farmen
Broder Gabriel - Sektleder på Farmen
Boto - Lurt inn i sekten
Duncan Doyle - Stjerneadvokat
Fader Joseph - Prest i Bengete
BNBC - TV-selskap i Morristown
Guds Røst - Sekten til Lubanga Kigali
Bill - Soldat på Farmen
Sarah alias Miss Mist - Kommandant på Farmen
Dr. Tuga - Lege på Farmen

Tilleggsserier

Jerome K. Bloche - Livet og Døden, del 2 av Makyo & Dodier
Herman Hedning av Jonas Darnell

Livet - og Døden

Jerome K. Bloche har jo tidvis interessante historier, men denne var ikkje så engasjerande. Siste delen var rett nok mykje meir spennande enn den forrige, og det var ein ganske overraskande slutt. Heilt okay.

Rex og småfolket

Småfolket har eg aldri hatt sansen for, og sidan dette er akkurat same plottet som i "Småfolket" (Fa. 18-19/01): Melodee (eller Aurore) har blitt kidnappa, så viser det nok ein gong Lee Falk i fyrstegir. Er det ikkje Sala som får gjennomgå så er det andre kvinner. Rett og slett kjedeleg.
Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 1