Frelseren, Del 3: Guds armé CR/BM
Resymè: Anmeldelse av Steffen Hope
Frelseren, del 3 - Guds armè
(Reimerthi/McLeod)
Tida er no komen for Lubanga sitt terroråtak på Morristown, og
Boto er tydelegvis den einaste av disiplane som endå ikkje er hjernevaska.
Det er ein dristig plan Lubanga har fore, og regnet gjer stemninga så
mykje dystrare.
I Morristown er no Lamanda Luaga borte vekk, og ikkje eingong hans eigen stab
veit kor han her. Luaga er på veg til doktor Cartwright i Bengete. Dette
tykkjer eg er heller merkeleg, for kor er Taru Tagama? Er ikkje ho kona hans
lenger? Har Egmont bestemt seg for å droppe henne som ei varm potet og
feie ho under teppet som ei hybelkanin? I så fall er det litt trist.
Vidare utover går historia i fint driv og spenninga ligg tett heile vegen
og ekstra spennande er det når Lubanga hypnotiserer Luaga til å
plassere hovudet i renneløkka. Men heldigvis kjem Aron Cartwright, og
Luaga kjem seg laus frå hypnosen. Her er eg litt kunnskapslaus, men er
det så lett å bryte ei hyponse? Vidare tykkjer det er litt imponerande
at Luaga vert overmanna av ein mann med kjortel.
Luaga er døden nær to gongar, og det er like spennande kvar gong.
For her er så mykje sett på hovudet at å tenkje seg Luaga
død, verkar ikkje så usannsynleg som det ville ha gjort for ein
fem år tilbake. Men heldigvis dukkar Fantomet opp, og reddar Luaga. Lubanga
forsvinn seinare i ei elv, og det er klart for neste historie.
Reimerthi har laga ei kjempeflott forteljing her, og Bob McLeod har gjort ein
god teiknejobb. Vidare tykkjer eg det er bra gjort å teikne relativt ukjende
karakterar som Lubanga, Sarah og Aron Cartwright når ein er så ny
i Fantometfaget som Bob McLeod.
Medvirkende og andre data
Kigali Lubanga - Sektleder
Guds armé - Lubangas sekt
Boto -Narret inn i sekten
Lamanda Luaga - Bengals president
Sarah Cartwright - Alias Miss Mist
Aron Cartwright - Saras far og lege i Bengete
Bengete - Bydel i Morristown
Broder Gabriel - En av sektlederne i Guds røst
Tweetham Manison - En herregård
Sassie - Klengenavn på Sara Cartwright
Tilleggsserier
Herman Hedning av Jonas Darnell
Bernard Prince - Billett ringside av Hermann & Greg
Legenden om Lambton-dragen av Bryan Talbot
Viggo av Franquin
Fantomet presenterer - Bob McLeod
Eit spennande og informativt intervju med Bob. Håpar på fleire
slike.
Sitat:
Bernard Prince - Billett ringside
Ei artig og underhaldande teikneserienovelle om Bernard Prince. Ikkje mykje
meir å seie om det.
Legenden om Lambton-dragen
(Bryan Talbot)
Ei velteikna og spennande britisk legende. Bryan Talbot kan sine saker. Legg
for eksempel merkje til sekvensen der unge John Lambton trær marken på
kroken for å illustrere personlegdomen hans. Elles er sjølve forteljarstilen
flott, og at historia er i svart/kvitt er eit stort pluss. Mektige saker. Eg
likte spesielt godt måten Lambton forhindrar dragen i å "mekke
seg sjølv". Elles kan eg nemne at det med å ofre det fyrste
levande vesen er eit gammalt litterært knep. I Dommernes bok, kapittel
11 står det å lese om Jefta som vann krigen mot ammonittane fordi
han lova Gud å ofre det fyrste levande vesenet han då han kom heim.
Også Jefta forrekna seg, og trudde det ville vere hunden. I staden kom
dottera.
Fantomet fakta
Ein spennande artikkel med flotte illustrasjonar. Kjempebra!
Rex og småfolket
(Falk/Barry)
Siste del i denne forteljinga. Rex reddar Aurore/Melodee og alt blir bra. Det
syner tydeleg at Falk anten har hatt dårleg tida eller lite inspirasjon
då han skreiv denne, for den er altfor forutsigbar.
Neste nummer trur eg blir kjempebra. Gledar meg vilt.
|