Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Frelseren, Del 3: Guds armé CR/BM

Utgivelsesår: 2005
Nummer: 21
Forfatter: Claes Reimerthi (CR)
Tegner: Bob McLeod (BM)
Også utgitt:
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:
Frelseren, Del 3: Guds armé CR/BM - Rex og Småfolket, Del 3 FA/BA (D#92 030673-160973) -

Resymè: Anmeldelse av Steffen Hope

Frelseren, del 3 - Guds armè

(Reimerthi/McLeod)

Tida er no komen for Lubanga sitt terroråtak på Morristown, og Boto er tydelegvis den einaste av disiplane som endå ikkje er hjernevaska. Det er ein dristig plan Lubanga har fore, og regnet gjer stemninga så mykje dystrare.

I Morristown er no Lamanda Luaga borte vekk, og ikkje eingong hans eigen stab veit kor han her. Luaga er på veg til doktor Cartwright i Bengete. Dette tykkjer eg er heller merkeleg, for kor er Taru Tagama? Er ikkje ho kona hans lenger? Har Egmont bestemt seg for å droppe henne som ei varm potet og feie ho under teppet som ei hybelkanin? I så fall er det litt trist.

Vidare utover går historia i fint driv og spenninga ligg tett heile vegen og ekstra spennande er det når Lubanga hypnotiserer Luaga til å plassere hovudet i renneløkka. Men heldigvis kjem Aron Cartwright, og Luaga kjem seg laus frå hypnosen. Her er eg litt kunnskapslaus, men er det så lett å bryte ei hyponse? Vidare tykkjer det er litt imponerande at Luaga vert overmanna av ein mann med kjortel.

Luaga er døden nær to gongar, og det er like spennande kvar gong. For her er så mykje sett på hovudet at å tenkje seg Luaga død, verkar ikkje så usannsynleg som det ville ha gjort for ein fem år tilbake. Men heldigvis dukkar Fantomet opp, og reddar Luaga. Lubanga forsvinn seinare i ei elv, og det er klart for neste historie.

Reimerthi har laga ei kjempeflott forteljing her, og Bob McLeod har gjort ein god teiknejobb. Vidare tykkjer eg det er bra gjort å teikne relativt ukjende karakterar som Lubanga, Sarah og Aron Cartwright når ein er så ny i Fantometfaget som Bob McLeod.



Medvirkende og andre data

Kigali Lubanga - Sektleder
Guds armé - Lubangas sekt
Boto -Narret inn i sekten
Lamanda Luaga - Bengals president
Sarah Cartwright - Alias Miss Mist
Aron Cartwright - Saras far og lege i Bengete
Bengete - Bydel i Morristown
Broder Gabriel - En av sektlederne i Guds røst
Tweetham Manison - En herregård
Sassie - Klengenavn på Sara Cartwright

Tilleggsserier

Herman Hedning av Jonas Darnell
Bernard Prince - Billett ringside av Hermann & Greg
Legenden om Lambton-dragen av Bryan Talbot
Viggo av Franquin

Fantomet presenterer - Bob McLeod

Eit spennande og informativt intervju med Bob. Håpar på fleire slike.


Sitat:
Bernard Prince - Billett ringside


Ei artig og underhaldande teikneserienovelle om Bernard Prince. Ikkje mykje meir å seie om det.

Legenden om Lambton-dragen

(Bryan Talbot)

Ei velteikna og spennande britisk legende. Bryan Talbot kan sine saker. Legg for eksempel merkje til sekvensen der unge John Lambton trær marken på kroken for å illustrere personlegdomen hans. Elles er sjølve forteljarstilen flott, og at historia er i svart/kvitt er eit stort pluss. Mektige saker. Eg likte spesielt godt måten Lambton forhindrar dragen i å "mekke seg sjølv". Elles kan eg nemne at det med å ofre det fyrste levande vesen er eit gammalt litterært knep. I Dommernes bok, kapittel 11 står det å lese om Jefta som vann krigen mot ammonittane fordi han lova Gud å ofre det fyrste levande vesenet han då han kom heim. Også Jefta forrekna seg, og trudde det ville vere hunden. I staden kom dottera.

Fantomet fakta

Ein spennande artikkel med flotte illustrasjonar. Kjempebra!

Rex og småfolket

(Falk/Barry)

Siste del i denne forteljinga. Rex reddar Aurore/Melodee og alt blir bra. Det syner tydeleg at Falk anten har hatt dårleg tida eller lite inspirasjon då han skreiv denne, for den er altfor forutsigbar.

Neste nummer trur eg blir kjempebra. Gledar meg vilt.

Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 5