Tåkedalen FA/BA (D#133 080276-310776 )
Resymè: Klassisk historie. Fantomet les om ei heks far hans har høyrt om, og reiser dit for å sjå korleis folket har det der. Vel framme i dalen Kula Ku vert han og ulv offer for ei røykfelle (sterke likskapstrekk med Dødens Dal av Falk/McCoy). Så vert han plukka opp av ei gruppe slavar som hovudsakleg er kvite(!), leia av soldatar med romerske(!) klede som har gevær(!). Fantomet vert ført fram for heksa som sjølvsagt vert stormande forelska i han. Prinsgemalen hennar, Ulrich, legg Fantomet for hat, og dei skal seinare utkjempe ein duell. Før denne duellen sviktar heksa Ulrich og sender han uvæpna mot Fantomet med sverd. Fantomet vinn, øydelegg heksebøkene og gjev folket fridomen.
Ola Normann
|