|
|
T-banemordene 2: Hospitalet DB/CS
Resymè: Fantomet blir arrestert av politiet for åtaket på ei middelaldrande kvinne på t-banen, medan mordaren slepp unna. Det gjer også Fantomet, og blodig og fæl kjem han til Somerset-residensen. Politiet kjem seinare og arresterer Fantomet, og i mellomtida må Chris gjere diverse undersøkingar. Sporet fører Chris til Lamberth Hospital der han møter doktor Cutbush, men dette verkar for å vere ei blindgate.
Eit nytt mord skjer og politiet må frikjenne Fantomet. Chris hentar han på stasjonen, men i mellomtida kjem Cutbush til Somerset-huset der han kidnappar Anna og krev mor si i bytte. Fantomet kler seg ut som kvinne, og dei to halvbrørne dreg til Lamberth Infirmary for å ordne opp. Anna kjem seg laus og Cutbush rømmer då Fantomet og Chris kjem. Fantomet følgjer etter og tar han igjen på undergrunnsbana der han fangar han og overlet han til politiet.
Del to i dette fascinerande krimdramaet var ikkje like bra som del to. Mest på grunn av at, trass ein nærast eksplosiv start, den litt for altoppslukande dialogen som herska sidene mellom side 7 og til 18. Nødvendig dialog sjølvsagt, men det gjorde likevel til at desse sidene ikkje heldt same spenningsfaktor som resten.
Trass dette var det svært underhaldande å lese, og ekstra spennande vart det då eg fekk vite at dette var basert på ei verkeleg hending. Les David Bishop sin kommentar: http://www.fantomet.org/hele_nyhet/id/125/
Dette er ei god krimforteljing av klassisk merke. Eg tør påstå at dette kanskje er den djupaste av desse Jack the Ripper-historiene som Egmont/Semic har gjeve ut.
Ola Normann
|
|
|
|