|
|
Dr. Moriarty DB/CS
Resymè: Det er tydeleg at Bishop ikkje heilt vil gje slepp på Chris Somerset og den delen av slekta, noko som er naturleg. Denne gongen opnar ei forteljinga, og det er eit fint trekk til forskjell frå den ordinære starten der tvillingane vil høyre eit eventyr.
Historia byrjar bra, intrigen er fin og teikningane er svært gode. Eg merkar at Spadari byrjar å dra på åra, men han kan verkeleg sin teikneseriekunst. Likevel er eg litt skeptisk til at korkje Fantomet eller Julie verkar for å ha større imot at Moriarty eksperimenterer med foreldrelause, svarte born. Ein ganske stor skuff tykkjer eg.
Forteljinga når heller ikkje dei store spenningstoppane, men det er likevel eit og anna spenningsmoment. Til dømes då Bayo vert drepen og Fantomet stukken med kniv av Siri (artig namn). Det verkar for øvrig som om å stikke Fantomet med kniv, er det siste innan det å uskadeleggjere vår helt. Jamfør med "Tiggernes konge" i forrige nummer.
Dessutan er der ein del artige sekvensar, som til dømes juniorpatruljemann Turan (kvifor er han ikkje hjå stammen sin?) og sjølvsagt slutten. Moriarty er dessutan ein litt annleis skurk, eg greier faktisk tidvis å oppdrive sympati for hans kjærleik til Julie.
Ola Normann
Øvrig:
Sprint: Den ville Spiralis, del 2
Captain Biceps
Redaksjonelt:
Fantometklubben
Sjefens hjørne
Fantomet shop
Forside: Rolf Gohs
Fantomets lydbok "Ånden som går", del 1 er med som vedlegg til dette nummeret.
|
|
|
|