Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Ambassadøren

Utgivelsesår: 1980
Nummer: 11
Forfatter: Ulf Granberg (UG)
Tegner: Jaime Vallvé (JV)
Også utgitt: krønike 1/91, Krønikebok 12/2003
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:


Resymè: Original tittel: The Ambassador.

Det 12. fantomet har vore ein tur til Walkers klippe, og er på veg heim til Bengal. Dette skjer i 1776, og det er vanskeleg å finne skip som skal til Europa. Fantomet snik seg ombord på eit skip han får vite skal til Frankrike. Skipet fraktar ein spesiell passasjer, nemleg Benjamin Franklin, som skal vere dei tretten koloniane sin ambassadør til Frankrike. Koloniane vil be om fransk hjelp til å bekjempe britane.

To dagar etter, om kvelden, vert Benjamin Franklin nesten drepen av ein matros, men Fantomet grip inn. Benjamin Franklin inviterer sin redningsmann til å bu i hans lugar til dei når Frankrike.

Idet dei seglar inn i europeisk farvatn, vert dei overraska av to britiske fregattar. Heldigvis kjem franske skip og reddar dei.

I Frankrike vert Benjamin Franklin godt motteken, og kongen lovar å hjelpe til. Ein kveld nokre dagar seinare, tek Fantomet og Franklin avskjed. Lenger ut på natta kjem vogna tilbake til der Frankling og Fantomet har budd dei siste dagane. Vogna er tom, bortsett frå Franklin sin sekretær, som er knivstukken. Fantomet finn ein knapp som utan tvil tilhøyrer ein britisk sjøoffiser, og jakta er i gang.

Sidan Calais er den mest sannsynlege hamna for eit britisk skip, reiser Fantomet dit. Der kjem han over eit britisk skip som lastar vintønner frå Paris. Fantomet får mistanke, og spør ein offiser som står i nærleiken. Han manglar ein knapp i jakka, men før Fantomet får reagert vert han slegen ned bakanfrå og kasta på sjøen. Heldigvis vert Fantomet fiska opp av nokre franskmenn, og dei tek han med til Dover.

I Dover treff han på nokre av mannskapet på skipet som frakta vintønnene. Benjamin Franklin er fanga i Grinder Castle, og Fantomet rir dit. Han får kontakt med Benjamin Franklin, som er innesperra i eit tårn. Ved hjelp av ein drage, som fungerer som lynavleiar, sprengjer Fantomet cellevindauget. Etter å ha overmanna nokre vakter, tek Fantomet imot Franklin.

Då dei kjem til Dover, oppdagar dei at hamna er sperra. Benjamin Franklin vert smugla ut i ei vintønne, og dei kjem seg trygt tilbake til Frankrike.

Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 4