El Dorado - Kartet
Resymè: Original tittel: El Dorado, Kartet.
Historia byrjar i Amsterdam, 1640. Fantomet er komen for å besøkje ein gammal ven, den danske sjømannen Niels Munk, som er i klammeri med den danske kongen. Fantomet kjem fram til der Niels bur, akkurat tidsnok til å sjå Niels vakle såra ut av huset, og dø. Tre væpna menn går mot Fantomet, men han greier dei lett med hjelp frå Olaf, sonen til Niels. Dei går inn i huset igjen, der Dom Pedro frå Lisboa og dottera Juanita. Plutseleg kjem fleire væpna menn frå vektartenesten, og byrjar å skyte etter dei. Under ei flukt over Amsterdam sine hustak, fortel Olaf bakgrunnen for faren sin død.
Det danske og portugisiske hoffet har i lengre tid hatt eit nært samarbeid. Ein gong rusta ein forfar av Olaf og ein portugisisk adelsmann ut ein ekspedisjon som enda opp i Venezuela. Der fann dei eit tempel fylt med gull, men mannskapet døydde av sjukdom. Portugisaren og slektningen til Olaf teikna eit kart, som dei delte i to. Planen var å sende ein ny ekspedisjon, men det vart aldri noko av.
Portugisaren var ein slektning av Dom Pedro, og slik kom dei to familiane i kontakt med kvarandre.
No er Dom Pedro og Juanita i Amsterdam for å sleppe unna den spanske inkvisisjonen, som også vil ha tak i skatten.
Fantomet tek sine nye bekjente med til eit vertshus, der kaptein Morgan vankar. Kaptein Morgan er kaptein på skipet Fantomet følgde til Nederland. Etter at vektarane i byen har jaga dei ned til hamna, kjem Fantomet og dei andre ut til Swiftsure, skipet til Morgan.
Då dei har nådd kysten av Venezuela, dukkar det opp eit spansk orlogsskip. Spanjolane, leia av "Inkvisitoren", ein religiøs fanatikar, byrjar å skyte etter dei. Morgan styrer Swiftsure inn i ei trang kløft, og plutseleg vert spanjolane utsette for eit kraftig bombardement. Morgan har ført dei inn i eit piratreir, styrt av Black Daniel.
Black Daniel kjenner igjen Dom Pedro, og tek han med seg. Fantomet og dei andre vert sett i fengsel. Dei kjem seg straks ut derifrå, og Fantomet går for å finne kartet. Han snik seg opp til værelset til Black Daniel, og overhøyrer samtalen mellom han og Dom Pedro. Fantomet får vite at portugisaren eigentleg heiter Alvaro, og er inkvisitoren sin spion i Lisboa. Alvaro tok teneste under den verkelege Dom Pedro på oppdrag frå inkvisitoren, slik at nokon kunne anklage Dom Pedro for heksekunstar. Dom Pedro vart dømd til døden, og Alvaro tok med seg kartet. Juanita trur at faren er i live, og derfor avslører ho han ikkje. Black Daniel og Dom Pedro går ned til festen, og Fantomet tek veska med kartet.
Nede på stranda møter han dei andre, og fortel Juanita sanninga. Dei ror ut til Swiftsure, og tek kontroll over skipet igjen. Straks seglar dei ut av vika, men piratane oppdagar dei. Heldigvis er piratane så ravande fulle, at dei ikkje klarer å sikte med kanonene sine, og endar opp med å setje to av sine eigne skip i brann. Fantomet og dei andre kjem ut på havet, og dreg vidare for å leite etter staden som er avmerka på kartet.
|