Duell mot fire menn FA/BA (S#65 050764-240165)
Resymè: Original tittel: The Founding of the Jungle Patrol.
Året er 1664, og det 6. fantomet er bekymra for freden i Bengal. I jungelen ligg stammane på randen til krig, og i kystbyane held bandittar, sjørøvarar og mordarar til. Fantomet drøymer om ein patrulje som kan halde ro og orden.
Av alle kystbyane i Bengal er Sanloi den verste. Der er Raudskjegg kongen, og han er ubeseira i alle former for kamp. Fantomet dreg til Sanloi for å uskadeleggjere Raudskjegg. Han entrar byporten på sitt vanlege vis, og går inn i storsalen. Raudskjegg svarar at han ikkje vil duellere mot einkvar liten mann som utfordrar han, og derfor skal løytnanten hans, Storebart, duellere mot Fantomet med øks. Fantomet vinn, men lar Storebart leve, slik Fantomet pla gjere.
Nestemann ut er Salla, som skal duellere mot Fantomet med huggert. Salla høgg mot Fantomet gjentekne gonger, men til slutt er han utsliten. Det var nettopp det Fantomet planla, og no er Salla taper. Også han får leve, til Raudskjegg si store forbausing.
Så skal Storeslegga kjempe mot fantomet. Storeslegga skryt av at han kan knuse ein skalle som eit egg. Fantomet tek fram ei kokosnøtt, og knuser den for å setje litt skrekk i piraten. Men Stroreslegga lar seg ikkje skremme, og gledar seg til å kjempe. Storeslegga vert beskriven som ein mann med armar og bryst av granitt, men Fantomet slår magen hans i staden. Etter to slag, går kjempa i bakken, og Raudskjegg er rasande.
Heile Sanloi samlar seg for å sjå på duellen mellom Raudskjegg og Fantomet. Dei skal slåss med sverd og dolk. Kampen er hard, og kampplassen er over heile Sanloi. Etter kvart kjempar dei seg om bord på skipet til Raudskjegg, og Fantomet får plutseleg auge på ein fange. Det er ei blond jente på hans alder, og Fantomet gløymer duellen. Raudskjegg slår sverdet ut av handa på Fantomet, men som han sjølv seier: "Ho var ein skjønnheit - vel verdt å miste eit sverd for." Fantomet tek opp ein krakk, og brukar den som skjold. No er dei begge utan sverd, og Fantomet kjem tett inn på kroppen på Raudskjegg. Han slår piraten i magen, så i kjeven og til slutt må han gje tapt. Fantomet er seierherre, og grunnlegg jungelpatruljen med Raudskjegg som nestkommanderande.
Fangen til Raudskjegg er prinsesse Natalie av Navarra, og ho vert teken til hovudskallegrotta. Der forelskar ho seg i Fantomet, og abdiserer som prinsesse til fordel for han.
|