Fantomet
Fantomet
 
MENY
Hovedsiden Forum Nyheter Artikler Intervju Fantometfakta Søk Utgivelsesoversikt Beste Fantomet-historier Lenker Komplett fantometindeks
FANTOMETFAKTA
Fantometgenerasjonene Guran og Bandarene Sala Palmer-Walker Hodeskallegrotten Jungelpatruljen Ulv og Hero Rex King Eden Jungelord Fantomets våpen Kart over Bengal
SKAPERNE
Grunnleggerne av Fantomet Forfattere Tegnere
FORSIDER
Referanseside for cover "All time" Beste forsider
DAGSTRIPER OG SØNDAGSSIDER
Søndagssidene Dagstriper Fantomet i norske aviser
ANNET
Om nettstedet Gjestebok Kontakt Sidekart English menu
Fantomet
La ikke anledningen gå fra deg, delta i diskusjonen på forumet nå!

Havgudens svarte perler/Havguden FA/BA (D#98 120966-241266)

Utgivelsesår: 1970
Nummer: 26
Forfatter: Lee Falk (FA)
Tegner: Seymour Barry (BA)
Også utgitt: D#98 120966-241266, 25/76, Album 9/90, 2/98¨, krønike 6/05, Krønikerbok 27/2006 Årgang 1970 III
Forsiden: Se stort bilde av forsiden

Historier også i dette nummeret:


Resymè: Original tittel: The Sea God

Ved bengalkysten bur stammen Touganda. Dei er perlefiskarar, og samlar store, svarte perler som dei gjev til havguden Touroo. Ein dag kjem to handelsreisande til landsbyen og prøvar å selje jugl og imitasjonar. Dei to dagdrivarane, Ossie og Tod, vert forbløffa over dei enorme skattane stammen eig. Tod får ein glup ide, og lagar ei drakt som liknar på Touroo. Han byrjar å dykke ved østersfelta, og viser seg for touganda-fiskarane som trur det verkeleg er Touroo. Nokre av touganda-folket tolkar det som at guden deira er sint. Dei som meiner dette, reknar med at årsaka er Fantomet sitt forslag om å kjøpe motorbåtar for å gjere det lettare å fange fisk. Tod nører opp under tvilen til touganda-folket, og foreslår at Touroo kanskje mislikar at dei tek perlene. I mellomtida har høvdingen sin soneson reist ut i jungelen for å hente Fantomet.
Neste morgon dreg Tod ned til østerbankane igjen utkledd som Touroo. Han har no laga ein metallfork til harpuna si, og skyt mot ein av perlefiskarane for å setje skrekk i dei. Tod skyt for å drepe, men bommar. Han rekk ikkje å skyte ein gong til, men det er heller ikkje nødvendig. Tod og Ossie dreg etterpå tilbake til Touganda, og der får dei vite at stammen berre ventar på eit teikn til at Touroo vil ha perlene tilbake. Det får dei neste dag, då Tod i kostymet sitt øydelegg fisket deira.
Samstundes har Fantomet kome til landsbyen, og han skjønar kva som skjer. Då han prøver å hindre at dei kastar perlene i havet igjen, er nokre av mennene nære på å drepe han. Heldigvis greier høvdingen å roe dei ned, men Fantomet vert teken til fange. Ossie og Tod kjem innom igjen, og får vite at fiskarane skal ofre ein bolle perler kvar morgong til Touroo viser han er fornøgd. Tod utnyttar sjansen, men før han dykkar slår han ned Ossie.
Nede på botnen oppdagar Tod at perlene vert spreidd over eit større område, og det området har sandbotn så perlene sekk ned i sanden. Full av raseri går Tod til angrep på båtane, men Fantomet grip inn og uskadeleggjer han. Når touganda-folket får vite at alt berre var bløff, vert det slutt på tilbedinga av Touroo, og perlene kan investerast i moderne fiskeutstyr.

Artig detalj: Namnet Touroo har Lee Falk brukt seinare. I eventyret Dommeren er hovudskurken ein korrupt dommar som heiter Turoo.
Gjengivelse av opplysninger på denne side, helt eller delvis må avtales. Innhold er beskyttet av åndverksloven © Kjell Steen, Fantomet Norge og Karl-Johan Lien. Bilder © King Features Inc. / Egmont / Bulls. Kontakt Webmaster, se om nettstedet for øvrig info. Pygmèer online: 4