|
|
Jungelbanden FA/BA (D#108 240369-210669)
Resymè: Original tittel: Førebels ukjend.
Ein bande røvarar herjar i jungelen, og ein dag kjem dei til barneheimen som vert driven av fader Morra, bror til president Luaga. Bandittane beleirar skulen, men fader Morra kjem seg usett ut i jungelen. Han skal hente Fantomet. Bandarane finn den såra Morra, og tek han med til hovudskallegrotta. Problemet er at Fantomet ikkje er heime. Via Fantomet sitt postnettverk får Morra varsla president Luaga. Luaga kan ikkje sende soldatar i frykt for stammeopprør. Såra etter borgarkrigen er med andre ord åpne endå. Luaga sender sonen Lon og han og kona Lila går ut i jungelen og ropar på Fantomet. Trommene fortel dei at Fantomet ikkje er til stades. I mellomtida kjem Morra tilbake til barneheimen, og vert nesten skoten.
Sidan Fantomet ikkje er i jungelen bestemmer Lon seg for å anrope Fantomet via riksradioen. Anropet skjer kvart tiande minutt, og når til slutt fram til Fantomet som sit på eit fly over Bengal. Han hoppar ut i fallskjerm, og dreg til presidentpalasset.
Etter ei kort briefing dreg Fantomet ut i jungelen med helikopter, og går ned ved barneheimen. Akkurat i det leiaren for jungelbanden skal gje angrepssignalet, vert han slått ned av Fantomet. Fantomet snik seg inn i barneheimen, og møter fader Morra. Alle tilsette og borna vert samla i gymsalen. Lysa vert sløkte, og Fantomet bles angrepssignalet. I kjend fantomet-stil slår han ut ein etter ein av bandittane. Sjefen for banden kjem seg inn på skulen, men etter eit svært kort oppgjer, vert heile banden teken.
Artig detalj: Eitt av jungelorda i denne serien er sjelden å sjå andre stader. Jungelordet er: "Fantomets jernneve setter punktum for mange forbrytelser."
|
|
|
|